Om Reed Foto

Reed Foto AS er med 35 års drift eit av dei eldste og mest rutinerte selskapa her i landet innan skule og barnehagefotografering. Samtidig er vi eitt av dei leiande selskapa når det gjeld å tilpasse produkt og tenester til nye løysingar.

Vi er eit nasjonalt nettverk av rutinerte fotografar som heile tida er klar for å yte dei beste tenestene. Kvart år fotograferer vi ca 60 000 elevar og born frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Hovedbasen vår er Breim i Nordfjord.

Alle våre tilsette har det i «ryggmargen» at kvar dag vi er ute på oppdrag er vi oppe til eksamen. Alle oppdraga våre er like viktige. Gjer vi ein god jobb blir det «bestått», og vi får ny avtale neste år. Vi kan med glede konstatere at vi får gode karakterar og mykje gode tilbakemeldingar. Det gledar oss, og er enormt inspirerande for oss.

Reed Foto AS har aldri hatt som mål å vere den største fotoaktøren i landet. Vi skal aldri verte større enn at vi er sikre på at vi kan gjere dei beste tenestene og levere dei beste produkta. Det meiner vi er tilfelle i dag, og slik er målet vårt at det skal vere også i åra framover.

Foreldra og føresette får gjennom bilda frå våre fagfotografar eit varig minne frå borna sine barne og ungdomsår.

Skulefoto

Vår primære målgruppe er grunnskular og vidaregåande skular, Vi har eit nasjonalt nettverk av rutinerte fotografar som er klar til å yte dei beste tenestene. Dette både når det gjeld gjennomføringa av fotograferinga, og produkta vi leverer.

Card image cap
VIDAREGÅANDE SKULE

Vi kan tilby skreddarsydde løysingar for levering av bilde til administrasjonssystem, skulebevis/skuleskyss og sjølvsagt spenstige klassebilde og skulekatalog/årbok.

Les meir
Card image cap
GRUNNSKULE

Portrett og klassebilde, inne eller ute. Vi kan også produsere flotte skulekatalogar/årbøker som vi kan levere både digitalt og som trykksak.

Les meir
Card image cap
RUSS

Eit varig minne frå ei herleg russetid.
Med våre mobile fototribune kan vi fotografere både klasser og heile russekull.

Les meir