Skulefoto grunnskular

Portrett og klassebilde, inne eller ute. Vi kan også produsere flotte skulekatalogar/årbøker som vi kan levere både digitalt og som trykksak.

Les brosjyre

PORTRETTBILDE

Bilde av barn i grunnskulen er eit minne foreldra er stolte av og vil ta vare på. Foto frå dei forskjellige åra viser på ein flott måte utviklinga frå barn til ungdom.

Tilbakemeldingane vi får frå svært mange foreldre er at dei set stor pris på desse bileta fotografert av fagfolk. Mange familiar har digitalkamera i heimen, men det blir det noko litt anna når det kjem ein fagfotograf med profesjonelt utstyr og ikkje minst erfaring.

KLASSEBILDE

I vårt langstrakte land er det mykje vêr. Vi ser helst at det alltid er sol og fint vêr, men vi veit at det også ofte er både vind og regn. Kontrastane er av det gode, men også noko vi må ta omsyn til. Når vi skal fotografere klassebilde ynskjer vi primært å vere ute, men av og til må vi trekke i hus. I dei tilfella har vi med ein stor lerretbakgrunn, eller vi brukar ein del av bygningsmiljøet på skulen for å få eit godt produkt.

SKULEKATALOG

Ein del skular ynskjer ein katalog med redaksjonelt innhald i tillegg til portrett og gruppebilder. Dette kan være bilde og tekst frå rektor, helsing frå elevrådet og skulereglement. Katalogen kan inneholde bildekollasje av arrangement i regi av skulen og anna informasjon de meiner bør være med for å skape ein aktuell og interessant katalog. Det er berre kjekt om kreative elevar vil være med å utforme katalogen med f.eks å teikne omslaget.

FELLES SKULEBILDE

Bilde av seg sjølv saman med medelevane på klassebilda er kjekt å ha som eit varig minne frå skuletida. Mange av elevane på skulen har også søsken og vener som går i andre klassetrinn eller parallellklasser. Vi har konstruert ei mobil fototribune der vi kan fotografere heile skulen på eitt fellesbilde.

Vi teiknar av alle personane og namnset dei. Skulen får gratis eit stort bilde i 40 x 60 cm montert på syrefri kartong og plastlaminert som dei kan henge opp på skulen. Dette er utan tvil den store samlingsplassen når elevane kjem tilbake på skulen i ulike samanhengar. Dei studerer bilda og brukar dei til å mimre over tida på skulen.

På nokre skular er det fleire parallellklasser. Då legg skulane opp til fellesbilde av alle 10. klasse saman med rektor, klassestyrarar og andre tilsette. Vi teiknar av og namnset alle personane, og skulen får eit stort eksemplar. I begge tilfella får elvane/foreldra høve til å kjøpe bilda/montasjen i størrelse 30 x 40 cm.

Kontakt oss

Vi er her for å hjelpe deg!
Åpningstider kundeservice. kvardagar: 09:00-14:00 (telefon)

Vår adresse

Nordstrandsvegen 17f
6823 Sandane

Send Epost

post@reedfoto.no

Ring oss

+47 57 86 83 33